Kjære Nei til EU-medlem.
(Dette er sendt på e-post til dei medlemmene som har registrert e-postadressa i medlemsregisteret. De andre har fått sms med lenke til dette brevet)
Dei to siste vekene av april er nasjonale verveveker. Det inneber at alle fylka og alle lokallaga gjer ein innsats for å få fleire medlemmer i organisasjonen vår. Her i Hordaland har det vore stands-aktivitet i Bergen, og det skal vera stands-aktivitet i Nordhordland, Knarvik og Lindås senter. I tillegg ringjer me til medlemmer av organisasjonar. Men me når diverre ikkje alle på denne måten.
Derfor kjem me med ei oppmoding til deg som medlem i NtEU: Kunne du gjera ein innsats der du bur? Spørja ein slektning, ein nabo, ein kollega eller ein du møter på butikken om vedkomande kunne tenkja seg å verta medlem?
Gode argument kan vera:
– Nei til EU arbeider aktivt mot at EØS skal undergrava norsk demokrati gjennom arbeidet mot EØS-avtalen og enkeltdirektiv
– EU-kampen er ikke vunne for godt. Det er eit stort fleirtall i Stortinget som ønskjer norsk medlemskap
– Nei til EU treng å ha mange medlemmer for å bli høyrd i den offentlige debatten. Dess fleire medlemmer, dess meir tyngde
– Medlemskontingenten er med på å finansiera kunnskapsutvikling på EU- og EØS-relevante saker og gjer at vi kan ha ein opplyst og faktabasert argumentasjon mot EU-medlemskap
– Sjå ellers nettsidene våre eller trykt materiell for flere argument
Medlemskontingenten er kr 200.- ut året, kr 150.- for husstandsmedlem, kr 50.- for ungdomar (under 30 år). Frå 2018 er det vanleg kontingent, kr 395.- for året.
Den som er medlem får tilgang til mykje kunnskapsmateriell; på NtEU sine nettsider, i Standpunkt og Vett-hefter, invitasjon til temamøte, studiesirklar, NtEU sitt nyhendebrev via nettet etc.
Informasjon om nytt medlem , namn, adr., tlf, epostadr, fødselsår, kan de senda til meg, eller direkte til medlem@neitileu.no
Flott om du kunne vera med på å gjera ein innsats. Eg seier tusen takk på førehand.
Med venleg helsing
Toril Mongstad
Nestleiar /verveansvarleg /styresekretær Hordaland Nei til EU
Mob.: 90026044