EØS-avtalen er eit hinder for grønt skifte

Fråsegn vedteke på Hordaland Nei til EO sitt årsmøte 17.2.2017

Last ned her

Det er eit tverrpolitisk ønskje om eit grønt skifte i norsk næringsliv. For å få dette til, må det fleire verkemiddel til, blant anna støtte til bedrifter som vil satsa grønt ved å redusera CO2-utsleppa og auka foredlingsgrad av norske industriprodukt. Men dei strenge reglane i EØS-avtalen som forbyr støtteordningar og overlet alt til marknadskreftene, hindrar ei slik utvikling. Norsk fornybar energi kunne vore brukt til å skapa norske arbeidsplassar, men i staden blir det lagt kablar over Nordsjøen for å eksportera kraft til EU, med god forteneste til dei store kraftselskapa som Statkraft og BKK/Fjordkraft. Liberaliseringa av den norske kraftmarknaden, som har gjort dette mogeleg, blei rett nok innført allereie i 1991 dvs. to år før EØS-avtalen blei vedteken. Men det er nokså sannsynleg at dersom regjeringa ikkje hadde fått gjort dette, så hadde det blitt innført gjennom EØS-avtalen. Viss alle planlagde kablar vert bygde, kan halvparten av den fornybare energien vår bli eksportert til Europa med god forteneste for kraftselskapa, i staden for å byggja opp nye grøne arbeidsplassar som skal erstatta dei som går tapt når oljealderen er slutt.

Eit anna eksempel er omforminga frå verft til offshore, som var vellukka fordi Norge hadde ei sosialdemokratisk regjering den gongen for 50 år sidan då dei fann olje i Nordsjøen første gongen, og fordi Statoil og stortinget prioriterte norsk industri, og at utanlandske selskap måtte gjera det same. Dette hadde ikkje vore mogeleg i dag under EØS-avtalen. Offshore vindkraft ville vore ei opplagt satsing for Norge med vår kompetanse, men dette har heller ikkje vore mogeleg, fordi prioritering av norsk grøn industri som Scanvind, er i strid med EU sine konkurransereglar. Statsstøtte til industri for å få ned CO2-utsleppa, som ved INEOS sitt anlegg i Bamble som ville ha skapt fleire hundre nye arbeidsplassar, sa næringsminister Monika Mæland nei til fordi det var i strid med statsstøttereglane i EØS-avtalen. Slik ser vi heile tida at EØS-avtalen grip inn i og reduserer det politiske handlingsrommet vårt, og at industrien blir ofra til fordel for den frie flyten av varer, kapital og tenester.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: